Byggesak

På byggesak behandlast søknadspliktige tiltak som oppføring, riving og endring av bygningar, anlegg og konstruksjonar. Søknadspliktige tiltak må  godkjennast av kommunen før arbeidet kan settast i gong.

Om ein vil nytte elektronisk byggesøknad, har ein moglegheit for dette på ByggSøk sine sider. ByggSøk er ein nettstad utvikla med tanke på mest mogleg lik behandling av byggesaker på tvers av kommunegrenser. ByggSøk er tilpassa plan- og bygningslova av 1. juli 2010.

Byggesaker vert behandla med heimel i plan- og bygningslova med tilhøyrande vedtekter og forskrifter.

For å få oversikt over gjeldande regelverk i forbindelse med byggetiltak, anbefalar vi å sjå på Direktoratet for byggkvalitet si heimeside.

Bygge utan å søkje

Enkelte bygg som garasje, bod eller ei anna bygning under 50 m2 kan du under nokre føresetnader byggje utan å søkje.                               Bygg uten å søke

 

 Har du sett opp ein garasje, tilbygg eller annan bygning som er friteken frå søknadsplikt, må du melde frå til kommunen. Kommunen må ha opplysningane for å oppdatere sine digitale kart. Oppdateringane kommunen legg i sine kart vert og sendt vidare til nasjonale kartdatabasar.

Melding om bygg unntatt søknadsplikt

                                                                                                                                                                                           

Kor stort kan du bygge

Direktoratet for byggkvalitet har laga ein vegvisar for kor stort du kan bygge på eigedommen din.

Hvor stort kan du bygge?

Før du bruker vegvisaren må du avklare planstatusen for eigedomen din. Dette får du avklart i vår kartløysing. Søk opp din eigedom, huk av for arealplanar og trykk på eigedomen. Planinformasjon kjem opp til venstre for kartet.

I vegvisaren  får du blant anna hjelp til å berekne bruksareal (BRA), bebygd areal, fotavtrykket (BYA) og tomteutnytting (TU)

Ligg eigedomen innanfor ein reguleringsplan, er eigedomen regulert. Tillatt grad av utnytting er som regel teke inn under føresegnene i reguleringsplanen saman med dei andre føresegnene for området. Er ikkje området eigedomen ligg i regulert, gjeld arealdelen av kommuneplanen med tilhøyrande føresegner.

Tidsfristar og gebyr

Tidsfristane for vår saksbehandling er avhengig av fleire forhold. Det er forlenga saksbehandlingstid om tiltaket medfører dispensasjon, om det føreligg nabomerknader og om det er nødvendig å innhente uttale frå andre myndigheiter. Tidsfristane er heimla i SAK10 og gjeld frå komplett søknad.

Gebyrregulativet for saksbehandling etter plan- og bygningsloven finn du her:

https://www.lesja.kommune.no/tenester/plan-bygg-og-eigedom/kommunale-avgifter-og-gebyr/gebyr-for-behandling-etter-matrikkelloven-og-eierseksjoneringsloven/

Kontakt

Elin Stavheim
Ingeniør/byggesak
Mobil 906 23 279
Kristin Hagen Hæreid
Byggesaksbehandlar
Mobil 902 96 116

Opningstider

Alle kvardagar frå 09:00 til 14:00