Tips:
For å få kontrollert og registrert opplysningane i erklæring om konsesjonsfridom så raskt som mogleg, må ein hugse å fylle ut punkt 1, 2 og 6. Desse punkta skal fyllast ut uansett kva eigedom ein har overdradd/ kjøpt. Om du har registrert feil opplysningar kan behandlinga ta lenger tid, eventuelt kan kommunen komme til å be om nytt tilsendt skjema med utfylte opplysingar.
Du treng berre fylle ut punkt 3 i skjema om du er i slekt med selgar/overdragar.
Om du har kjøpt ein fritidsbustad med tomteareal under 100 dekar (100.000 m2), og under 25 dekar (25.000 m2) fulldyrka eller overflatedyrka jord, og du framleis skal nytte eigedomen til fritidsbustad, skal du krysse av på punkt 4. A2.
Om du har kjøpt ei ubebygd tomt som ikkje er regulert til bustadformål, skal du krysse av punkt 4. C2. Vidare må du fylle ut punkta som gjeld for di tomt under punkt 5.
Tilsending:
Du kan sende eigenerklæring om konsesjonsfridom via brev til Lesja kommune, postboks 53, 2671 Lesja.
Publisert av Martin Vorkinn
Sist endret 29.03.2023 00.23