Må du søke?

Du må undersøke kva planar og føresegner som gjeld for eigedommen du har byggjeplaner på. Ta gjerne kontakt med kommunen for rettleiing.

Om arbeidet er søknadspliktig kjem også an på kva du skal byggje, rive eller endre. Norsk kommunalteknisk forening (NKF) sitt infoskriv om dei vanlegaste byggjearbeida viser kva slags søknad som må sendast inn eller om tiltaket er unnateke frå søknadsplikt.

 

1. mai 2021 vart det innført nye reglar om tilbygg og terrasse som er unntatt søknadsplikt: https://dibk.no/bygge-eller-endre/har-du-planar-om-a-byggje-terrasse-eller-tilbygg-etter-1.-mai/

Du kan og nytte Direktoratet for byggkvalitet sine elektroniske vegvisar Bygg uten å søke - frittståande bygning 

Bygg utan å søke - tilbygg

eller rettleiing på kva som er søknadspliktig på dibk.no.

Det gjeld eigne reglar for oppføring av tiltak langs offentleg veg og jernbane. Sjå Statens vegvesen eller Bane Nor sine sider for nærare informasjon angåande dette.

Kontakt

Elin Stavheim
Byggesakshandsamar
Telefon 906 23 279
Mobil 906 23 279
Sigbjørn Skogset
Byggesaksbehandlar
Telefon 469 36 567
Mobil 469 36 567