Nabovarsling

Skal du utføre søknadspliktige byggetiltak er det stilt krav til nabovarsling. 

Naboar og gjenbuarar skal varslast før søknad om tiltak sendes kommunen. Nabovarsel kan gjevast på tre måtar; enten ved e-post, personleg oppmøte eller ved rekommandert sending. Du vel sjølv kva naboar og gjenbuarar som skal varslast på kva måte.

 

 

Kven må du varsle?

Før du sender inn ein søknad om å byggje noko på ein eigedom, må du varsle naboar og gjenbuarar og gje dei moglegheit til å uttale seg.
Ein naboeigedom har felles grense med eigedommen du skal byggje på. Gjenbuarar i eigedommar ligg på den andre sida av eit ope areal, for eksempel ein veg, parkeringsplass, leikeplass, friareal eller liknande. 

NB! Både eigarar av bebygde og ubebygde eigedommar skal varslast. Dersom det er registrert fleire eigarar, skal alle varslast. 
For sameie, seksjonar eller fellesareal må du varsle styret, ved for eksempel styreleder. Er det ikkje vald styre, må du varsle alle medeigarar. 

Kva skal eit nabovarsel innehalde?

Fyll ut skjemaet nabovarsel og legg ved:

  • Målsette teikningar: snitt og fasadeteikningar i målestokk 1:100.
  • Situasjonskart med innteikna tiltak og naudsynte terrengendringar.
  • Opplysningar om dispensasjon (om du søkjer om dispensasjon).
  • Kva føresegner du søkjer dispensasjon frå.
  • Grunngjeving for søknad om dispensasjon.

 

Fire ulike skjema

Skjemaet nabovarsel sendast til råka naboar og gjenbuarar.

Opplysninger gjeve i nabovarsel og Kvittering for nabovarsel skal leggast som vedlegg til byggjesøknaden som sendast til kommunen.

For mindre byggjeprosjekt som garasje, bod, tilbygg og bruksendring kan ein nytte skjemaet Nabovarsel for privatpersoner.

Kontakt

Elin Stavheim
Byggesakshandsamar
Telefon 906 23 279
Mobil 906 23 279
Sigbjørn Skogset
Byggesaksbehandlar
Telefon 469 36 567
Mobil 469 36 567