Viltforvaltning

Kommunale forvaltingsoppgåver

Administrere det kommunale viltfondet, og fastsette fellingsavgift for elg og hjort (jamfør forskrift av 15. mai 2011, om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort)

  • Arrangere jegerprøveeksamen årleg.
  • Fastsette forskrift for opning av jakt på hjortevilt og minsteareal for tildeling av fellingsløyve. (jf. Viltloven §16=
  • Utføre og administrere fallviltarbeid i kommunen.
  • Rapportere statistikk på fallvilt og «sett og skutt hjort og elg” i hjorteviltregisteret.no og til Statistisk sentralbyrå.
  • Kommunen kan gje løyve til felling av hjortevilt, bever og ei rekkje andre artar ved ulike skadeforhald av betydning. (jf. §18 I naturmangfoldlova)
  • Samarbeide med grunneigarar om organisering av utmarka, jamfør viltloven §§ 37 og 38.
  • uttale seg om regulering av småviltjakt i statsallmenning, jamfør fjelloven § 23.
  • Kommunen skal også ivareta viltet i plansammenhenger med meir. I tillegg er det andre oppgåver kommunen også

I tillegg skal kommunen ha melding om:

Lesja kommune ynskjer eitt godt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, enkeltpersonar, Lesja fjellstyre, jegerar, rettigheitshavarar og offentlege instansar som driv med viltet. Lesja er heldig som har dyktige rettigheitshavarar og eitt elgutval som administrerar elg- og hjortejakta på ein god måte. Det å ha nok og dyktige jegerar, og ei god rekruttering ser kommunen som viktig for forvaltninga.

Miljødirektoratet har fastsatt ny viltforskrift.

Den erstattar fire forskrifter som ble vedtatt i perioden 1997-2004:

  • Skadefellingsforskrifta (Forskrift 1. september 1997 nr. 1000 om felling av viltartar som gjer skade eller som vesentleg reduserer andre viltartars reproduksjon).
  • Holdforskrifta (Forskrift 15. februar 1999 nr. 357 om hold av vilt i fangenskap, oppdrett av vilt i innhegna område, og om jakt på oppdretta utsatt vilt).
  • Innfangingsforskrifta (forskrift 14. mars 2003 nr. 349 om innfanging og innsamling av vilt for vitskapelege eller andre særlige formål).
  • Fallviltforskrifta (forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om ivaretaking av dødt vilt).

Forskrifta regulerer skadefelling av dyr som for eksempel gjer skade på avlingar, bygningar eller annen eigendom. Til døme kan bønder som lider store tap av lam til rev sjølv vurdere uttak av bestemte individ.

Her finn du forskrifta

Miljødirektoratet sin informasjon om den nye forskrifta

Kontakt

Marit Svanborg
Leder forvaltningsavdeling / planlegger
Telefon 948 75 433