Felles landbruksforvalting for Lesja og Dovre

 Lesja og Dovre er  landbrukskommuner med eit godt produsentmiljø og mange dyktige gardbrukarar som forvaltar eigedommane sine på ein ansvarsfull og langsiktig måte.  Å reise gjennom dei to kommunane ein sommardag er ei god oppleving, fordi det her blir drive fjell-landbruk på ein bærekraftig måte i eit 1000-årig kulturlandskap heilt opp mot høgfjellet. Historisk har busetjinga vakse fram ved godt arbeid på gardane og i tilleggsnæringar gjennom mange århundre. Landbruksvarer frå jord- og skogbruk produserast for samfunnet for anslagsvis 10 gonger så mange innbyggjarar som det bur i kommunane våre.  Dette er vi stolte av og vi ynskjer å fortsette å bera denne tradisjonen vidare. Gjennom solid og ordentleg arbeid tek landbruket ansvar for eige levegrunnlag. I nasjonal samanheng er andelen sysselsette i landbruket i Lesja ein av de aller høgaste.

Artikkelliste

Opningstider

Alle kvardagar frå 09:00 til 14:00

 

Adresse

  • Besøksadresse
    Jakup B. Klukstadsveg 32, 2665 Lesja
  • Kommunenummer 3432 
  • Organisasjonsnummer 964 949 204
  • Bankkontonummer 2081 19 00142