Slik søker du

Før du byggjer, riv eller endrar må du sjekke kva planer og føresegner som gjeld for din eigedom. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedommen din til. Sjekk om tiltaket er i samsvar med planen som gjeld i området. Reguleringsplan / kommuneplan med føresegner finn du på kommunen sine heimesider eller ved å ta kontakt med kommunen. Er tiltaket i konflikt med planen, må det søkast om dispensasjon

Bygge nær veg og jernbane

Det må og søkjast om dispensasjon for tiltak nærare enn 50 meter frå riks- og fylkesveg samd tiltak nærare enn 30 meter frå jernbane. Søknad om dispensasjon frå byggegrense mot veg sendast til Statens vegvesen, og søknad om dispensasjon frå byggjegrense mot jernbane sendast til Bane Nor.

Rettleiing

Før du går i gong med eit prosjekt kan du ta kontakt med kommunen for å få svar på spørsmål om byggetiltaket.

Slik søkjer du

Søknaden kan sendast digitalt eller på papir. For meir informasjon sjå "søknad og skjema til byggesaken" på dibk.no

Innhald og vedlegg i søknaden

Søknadsskjema

Blankett for søknadsskjema finn du på direktoratet for byggkvalitet sine sider.

 

For utføring av nye tiltak med søknadsplikt skal ein nytte skjemaet søknad om tiltak utan ansvarsrett eller søknad om tiltak med ansvarsrett.

 

Tiltak som ikkje krev ansvarsrett er mindre tiltak definert etter plan- og bygningslova §20-4. Kva tiltak som krev ansvarsrett er definert i plan- og bygningslova §20-3.

 

For endring av eksisterande byggjeløyve skal ein nytte dette skjemaet. Dette er endringar av tiltaket som dispensasjon, areal, plassering, formål og bruk.

 

Beskriv kva du søkjer om
Det kan vere lurt å skrive eit kort følgjebrev som gjer det enkelt for sakshandsamar å sette seg inn i kva du søkjer om. 

Nabovarsel 
Før søknaden sendas inn må naboar varslast. Naboliste kan tingast hjå kommunen eller hjå Ambita Infoland.
Send ut nabovarsel basert på motteken naboliste. Naboen skal få sjå tekningar og situasjonsplan som viser kva du skal gjere. Dei skal få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Skjema for nabovarsel, gjenpart av nabovarsel og kvittering for nabovarsel finn du anten ved å bruke ByggSøk eller på dibk.no

Når du sender inn søknaden skal du leggje ved:

  • Opplysningar gjeve i nabovarsel
  • Kvittering for nabovarsel
  • Eventuelle merknader frå naboar og dine kommentarar til merknadane.
  • Målsette teikningar
  • Situasjonskart

 

 

Skriv ut situasjonskart frå karttenesta vår eller kontakt oss for hjelp. Kartet skal vere i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak). Byggetiltaket teiknast inn på kartet. Hugs å sette på mål på tiltaket, avstand til grense, veg og busetnad i nærleiken. Uteareal med garasje/biloppstillingsplass og snuplass skal også visast. 

 

Teikningar
Vedlagt søknaden skal det vere målsette plan-, snitt- og fasadeteikningar. Minstekrav til teikningar:

  • Teikningar skal leverast i målestokk 1:100 for plan-/ snitt- og fasadeteikningar og 1:500 for situasjonsplan. Det kan imidlertid vere teneleg å levere teikningar i anna målestokk, for eksempel om tiltaket er av stort omfang.
  • Det skal vere eit tittelfelt på teikningar som minimum opplyser om: Type teikning, teikningsnummer, målestokk, dato, adresse, kven som har laga teikninga (ansvarlege føretak). I tillegg kan det vere teneleg med nordpil og liknande.
  • Som hovudregel skal teikningar utførast med rette strekar i svart/kvitt. På situasjonsplanen kan fargar eller skravur brukast for å markere tiltaket.
  • Dersom terrenget ikkje er flatt, skal det sendast med oppriss av eksisterande og nytt terreng, og tiltakets plassering i terrenget. (Terrengsnitt).
  • Alle mål skal påførast.
  • Det skal markeres godt på teikningane kva som er nytt og kva som er eksisterande ved søknad om tilbygg/påbygg.  
  • Som hovudregel skal teikningar leverast i format A4 eller A3.
  • Namn på vedlegg må ha ein forklarande tekst til kva dokumentet inneheld, for eksempel "Fasade nord" eller "1. etasje".

 

Om tiltaket du vil gjennomføre krev dispensasjon frå gjeldande plan, må du leggje ved dispensasjonssøknad til søknaden din. Meir om dispensasjon finn du her.

 

Innsending av søknad

Søk via  ByggSøk eller last ned søknadsskjema på dibk.no og send søknaden i ein e-post til postmottak@lesja.kommune.no.
Du kan også sende papirsøknad til Lesja kommune, Postboks 53, 2671 Lesja, eller levere søknaden til ekspedisjonen på kommunehuset

Kontakt

Elin Stavheim
Byggesakshandsamar
Telefon 906 23 279
Mobil 906 23 279
Sigbjørn Skogset
Byggesaksbehandlar
Telefon 469 36 567
Mobil 469 36 567