Utsleppsløyve

Om du skal etablere bygg med avlaup som ikkje ligg i nærleiken av offentleg avlaupsnett, må du søke om løyve til utslepp.

Eigar har plikt til å søke kommunal forureiningsmyndigheit om løyve til utslepp av avlaupsvatn frå bustadhus, hytter, fritidsbustad, turistbedrifter og liknande med utslepp mindre enn 50 personekvivalentar (pe) og utslepp mellom 50 og 2000 pe. For verksemd som berre slepp ut gråvatn, gjeld plikta der det er innlagt vatn.

Skilje mellom utslepp og avlaupsanlegg

Merk at avlaupsanlegg er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. Søknad om utsleppsløyve gjeld for behandling av utslepp etter forureiningsforskrifta. For å etablere eit lovleg avlaupsanlegg må anlegget søkast om som tiltak etter plan- og bygningslova.

Om tiltak er i strid med gjeldande arealformål eller reguleringsformål, må det i tillegg søkast om dispensasjon.

  • •  Utslepp er søknadspliktig etter forureiningsforskrifta                  ->Utsleppssøknad
  • •  Anlegg er søknadspliktig etter plan- og bygningslova                   ->Byggesøknad
  •  

  • •  Om anlegg er i strid med gjeldande plan må søknad om                                                                            dispensasjon ligge ved byggesøknad                                                ->Dispensasjonssøknad

Kriterie og Vilkår

Med avlaupsvatn er det meint avlaup frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avlaupsvatn). Med innlagt vatn er det meint vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som føres innandørs gjennom leidning. Med gråvatn er det meint avlaup frå kjøkken, bad og vaskerom.

Dersom du ønskjer å etablere ny bustad i et område der det ikkje er offentlig avlaupsleidning, må du søke til forureiningsmyndigheita (kommunen) om utsleppsløyve. Dette gjeld også om du ønskjer å auke eksisterande utslepp vesentleg.

Som vesentleg auke reknar vi blant anna innlegging av vatn og installering av vassklosett. Ingen kan sette i verk nye utslepp eller auke utslepp vesentlig utan løyve frå kommunen.

 

Om søknadsprosessen

Kommunen gjev rettleiing om vilkår, og korleis du skal søke om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal blant anna innehalde følgjande opplysningar:

  • •  dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast
  • •  om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i forureiningsforskrifta kap.12 (alt. kap.13) eller om det søkast om fritak for krava
  • •  plassering av avlaupsanlegg og utsleppsstad på kart
  • •  interesser som kan bli råka av etableringa, til dømes drikkevatn

 

Partar og andre som kan bli særlig råka av saka skal varslast om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast  til kommunen. Eventuelle uttalar skal leggjast ved søknaden.

 

Saksbehandling

Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsette krav som avvik frå forureiningsforskrifta kap.12 (alt. kap.13) eller nekte etablering av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsettast andre krav, skal det leggast vekt på forureiningsmessige ulemper saman med dei fordeler og ulemper som tiltaket for øvrig vil medføre.

 

Saksbehandlingstid

Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i forskrifta, kap.12 (alt. kap. 13) skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka innan fristens utlaup, reknast løyve som gjeve så framt det ikkje er nokon grunn til å tru at nokon part vil være misfornøgd med dette. Fullstendig søknad med krav som avvik frå forskrifta, skal avgjerast så snart som mogleg.

Klagemoglegheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottek vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klagen skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing. Klageinstans er kommunens eiga klagenemnd. Før klagen sendast dit, skal instansen i kommunen som fattar vedtaka, vurdere om det er grunn til endre vedtaket. Opprettheld kommunen vedtaket, vil saka bli sendt til klagenemnda.

 

Tilkopling til kommunalt leidningsnett

Ved endring, etablering av eigedom til bebyggelse eller oppføring av bygg i nærleiken av kommunalt avlaupsnett, kan kommunen krevje at bygning skal koplast til offentleg avlaupsnett. Det skal ved tilkopling til offentleg avlaupsnett betalast tilknytingsgebyr og årlege kommunale avlaupsgebyr. Lesja kommune si driftseining skal varslast ved tilkopling til offentleg avlaupsanlegg.

 

Retningslinjer

Sjå forureiningslova § 22 krav til utføring av avlaupsanlegg.

Sjå og generelle føresegner i Forureiningsforskrifta Kap. 11

 

Lover

Forureiningslova              

Forvaltningslova              

Plan- og bygningslova    

Forskrifter

Forureiningsforskrifta 

Skjema:

Skjema for søknad om utslepp       http://www.miljokommune.no/Maler/?topic=127&sub=3677

Byggjesaksblankettar for anlegg     https://dibk.no/saksbehandling/byggsok/Byggesaksblanketter/

Dispensasjonsskjema                         

 

Sjå elles Vågå kommune si side om utsleppsløyve:

https://www.vaga.kommune.no/tenester/plan-byggesak-brann-og-tekniske-tenester/vatn-avlaup-septik/vatn-og-avlaup/soknad-om-utsleppsloyve.6537.aspx

Kontakt

Elin Stavheim
Byggesakshandsamar
Telefon 906 23 279
Mobil 906 23 279
Sigbjørn Skogset
Byggesaksbehandlar
Telefon 469 36 567
Mobil 469 36 567