Vennskapskommune

Lesja har sidan 2006 hatt vennskapskommunesamarbeid med Marijampole kommune i Litauen.

Lesja kommune og Marijampole kommune takkar for alle bidrag i samband med "Julegåveaksjonen 2019"! Representantar for Lesja ungdomsråd og Lesja kommune overleverte sist helg julegåvene i Marijampole.   

Lesja kommune hadde i dagane 26. 29. juli besøk av Marijampole kommune sin ordførar Irena Lunskiene saman med kultursjef Jurate Zakaraviciene og kommunikasjonsrådgjevar Neringa Tumeliene. Besøket markerte 25 års samarbeid mellom dei to kommunene.