Breibandsutbygging i Lesja

Her vil vi forsøke og halde dykk oppdatert på utbyggingsprosjekt vi kjenner til i Lesja kommune. 

Stortinget har løyvd 150 millionar kroner ekstra i støtte til breibandsutbygging. Det gir ein samla sum for 2020 på omlag 406 millionar kroner i statlege midlar til utbygging av breiband i område av landet som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut.

 

Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal har signert avtale med Eidsiva Bredbånd om fiberbygging i regionen. 

Det er Skjåk Energi og Eidefoss Nett som står fior gjennomføring av fiberutbyggingen, med sine underentreprenører.

 

Lesja kommune signerte 1. april 2018 avtale om anleggsbidrag til Eidsiva Breiband AS i samband med fiberutbygging langs Raumabanen saman med BaneNor. 

I forbindelse med pågående arbeid med fremføring av strøm til nytt hyttefelt (Gamle Kongevei) har Eidefoss og Eidsiva bredbånd bestemt seg for å legge frem fiber i grøft for strøm. Eventuelt salg av breiband til området blir en kommersiell sak fra Eidsiva til sluttkunde. Ta kontakt direkte med utbygger dersom du har spørsmål. 

Eidsiva melder no at dei har oppnådd mange nok avtaler/abonnement til at første fase av utbyggingen kan starte.  Dersom du ikkje har tegna avtale enda, men ønsker å bli med, må du ta kontakt med Eidsiva snarast. 

Sjekk i bildet under om hytta di er innafor området. 

BaneNor har no lagt rør for framføring av fiber på heile strekninga. 

Utbygging av framføringsvegar skjer i regi av aktørane, eventuelt i samarbeid. Kommunen samordnar berre utbygginga for å hindre ”gravekaos"

Bakgrunn

 

Lesja kommunestyre vedtok 19. juni 2017 ei ny satsing på breiband i kommunen. 

  • Lesja kommune legg fleirkammer trekkerør frå Lesja til Bjorli med tilgang for breibandsutbyggarar. Vi søker eksternt tilskott og nyttar samtidig legging der det er mogeleg. Det vert sett av 5 millioner kroner til tiltaket fordelt over 2 år.
  • Lesja kommune tek med sine prioriterte områder i regional søknad om NKOM-midlar og ser dette i samanheng med andre infrastrukturtiltak på vegen mot breiband til alle i Lesja.
  • Lesja kommune vil vera pådrivar for å etablere dugnadsprosjekt for breiband til hyttefelta på Bjorli. Det vert sett av 30.000 kroner til etablering og kunngjering av prosjektet. Sjå behovskartlegging

Første punktet er noko endra ettersom BaneNor legg fiber langsetter Raumabanen i avtale med fiberleverandørar. Kommunen legg trekkerør i andre aktuelle områder gjennom samlegging for å få fram fiber til bebyggelse i ulike områder. Dette er infrastruktur som kan nyttast til å koble ihop utbyggingsprosjekt med framføringsvegane gjennom kommunen. 

Kontakt

Vigdis Kristin Nedregård
Spesialkonsulent IKT
Telefon 488 95 954
Mobil 488 95 954