Melde inn behov

Du må sjølv, eller helst saman med fleire naboar, grendeutvalg eller hytterforeningar, melde inn ditt behov for breiband til ein eller fleire leverandørar. Du vil då bli kontakta og vil få informasjon om kva dei kan levere og kva det vil koste. 

Vi har her lagt ut lenke til dei leverandørane vi har fått beskjed om skal inngå avtale med BaneNor. Det kan være andre aktuelle leverandører, som de også kan undersøke leveranse og pris frå. 

Dersom fleire ønsker å gå saman om eit dugnadsprosjekt kan de lese meir om Dugnadsfiber.

Les gjerne denne artikkel  "fremtidens beste internett" frå Eidsiva (største utbyggaren i Nord-Gudbrandsdalen), og meld inn kontaktinfo nederst i artikkelen dersom du brukar koparnettet i dag og treng alternativ før det blir stengt av. 

Dersom det er fleire i eit avgrensa område, vil potensiell leverandør vurdere om det kan etablerast eit samarbeidsprosjekt for området.  Dei kan melde frå til kommunen dersom prosjektet er så stort at det er kvalifisert for ein søknad om midler frå NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet) og/eller Innlandet fylkeskommune.