Kvifor skal kommunen ta på seg rolla som pådrivar

Utbygging av framføringsvegar skjer i regi av aktørane, eventuelt i samarbeid. Kommunen samordnar berre utbygginga for å hindre ”gravekaos"

  • Unngå planlaus utbygging som ikkje dekker lokale behov på kort og lengre sikt
  • Unngå planlaus utbygging for å redusere samfunnsøkonomiske og miljømessige kostnadar
  • Gi kommunen/utbyggarane forutsigbarheit for framføring og kostnadar
  • Sikre lik praksis for framføring av breiband i alle grender
  • Redusert risiko og sårbarheit i netta
  • Stimulere til legging av breiband i nye utbyggingsområde (til dømes ved å legge kostnaden for breibandsutbygging inn som ein del av nye utbyggingsavtaler)

 

Kommunal planlegging

 

Først og fremst er det viktig at kommunen engasjerer seg i koordinert planlegging og utbygging av framføringsvegar for å sikre lokalsamfunnet sine interesser. Dette gjeld uavhengig av om utbygginga skjer i regi av marknaden, av kommunen sjølv eller gjennom eit samarbeid mellom næringsliv og kommune.

Det er viktig å understreke at regionalt samarbeid mellom kommunar, slik som i RegionData/Nord-Gudbrandsdal, er ein måte å få fart på tilrettelegginga for breiband.

Dette vil vi fortsette med fordi vi då kan:

  • Spare utgifter til eksterne konsulentar og vedlikehald
  • Samarbeide om utbygging og anbod
  • Fleire brukarar samla i regionen:
    • Blir meir interessant for kommersielle utbyggarar
    • Aukar kommunen si etterspørselskraft overfor utbyggarane
    • Kan oppnå lavare kostnadar

 

Arealplanlegging

 

Etter plan- og bygningslova har kommunane plikt til å planlegge infrastruktur som veg, vatn og avlaup. Dersom breibandsnett skal reknast på lik linje som annan infrastruktur, bør også framføring av breiband inn i kommunale planar. Lesja vil forsøke å ta hensyn til behov for framføring av breiband i sine planar for arealbruk og næringsutvikling.