Lesja kommune som pådrivar for breiband

Bakgrunn

 

Lesja kommunestyre vedtok 19. juni 2017 ei ny satsing på breiband i kommunen. 

  • Lesja kommune legg fleirkammer trekkerør frå Lesja til Bjorli med tilgang for breibandsutbyggarar. Vi søker eksternt tilskott og nyttar samtidig legging der det er mogeleg. Det vert sett av 5 millioner kroner til tiltaket fordelt over 2 år.
  • Lesja kommune tek med sine prioriterte områder i regional søknad om NKOM-midlar og ser dette i samanheng med andre infrastrukturtiltak på vegen mot breiband til alle i Lesja.
  • Lesja kommune vil vera pådrivar for å etablere dugnadsprosjekt for breiband til hyttefelta på Bjorli. Det vert sett av 30.000 kroner til etablering og kunngjering av prosjektet. Sjå behovskartlegging

Første punktet er noko endra ettersom BaneNor legg fiber langsetter Raumabanen i avtale med fiberleverandørar. Kommunen legg trekkerør i andre aktuelle områder gjennom samlegging for å få fram fiber til bebyggelse i ulike områder. Dette er infrastruktur som kan nyttast til å koble ihop utbyggingsprosjekt med framføringsvegane gjennom kommunen. 

Dersom det er informasjon om breiband i Lesja du saknar eller ikkje finn på sidene våre, kan du trykke på Nei-knappen nederst på kvar side og legge inn info om kva du leita etter. Vi prøver så godt vi kan å supplere innhaldet i tråd med attendemeldingar og informasjon frå partane. Skriv du inn epostadressa di, vil du også få svar på ditt innspel. 

Kontakt

Vigdis Kristin Nedregård
Spesialkonsulent IKT
Telefon 488 95 954
Mobil 488 95 954