NKOM- innvilga midlar

Lesja kommune søker saman med dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Områda blir prioritert etter NKOM sine tildelingsreglar og tiltaket blir lagt ut på høring i den enkelte kommune i forkant av søknadsfrist. 

Resultat av kartleggingar og andre innmeldte behov vektleggast under prioritering i tillegg til kriterier for stønad. 

NKOM-stønad til breiband
Søknad år Innvilga regionalt Utbyggar Område Lesja Status
2015 10.000.000 Eidsiva Lesja sentrum Ferdig
2016 15.000.000 Telenor Joramo I sluttfasen
2017 0 ingen ingen avlyst
2018 ? ? Lesjaverk til Lesjaskog Ein utbyggar har meldt kommersiell interesse for omsøkt område. Utbygging innan 3 år. Nytt omsøkt område er strekninga mellom dei to tettstadane der det vert kommersiell utbygging.
2019 ? ? Lesjaverk til Lesja sentrum Langsetter E136/Raumabanen

Kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja har dei seinare åra sendt felles søknad om tilskotsmidlar frå den såkalla NKOM-ordninga. Dette er tilskot som blir gitt til utbygging av høghastigheit breiband i område med privat busetting, der utbyggarane ikkje ser det som kommersielt forsvarleg å byggje ut.