Publisert 18.09.2019

  Voss, Vang, Rauma har vist veg og no tek Lesja steget fullt ut: I haust byrjar arbeidet med å formidle historier, kvaliteter og fakta om levande og livskraftige Lesja – her og no treng vi bygdefolket si hjelp til å formidle kommunen si identitet.

Publisert 15.08.2019

Levande Lesja lyste i juli ut ei konkurranse om namn på den nye dagsturhytta ved Tussheim. For at namneforslaga skulle bli registrert, måtte forslagsstillar sende namneforslag og eige namn på sms til oppgjeve telefonnummer.

Engasjementet har vore stort og det kom inn totalt 45 namneforslag. Jury for å bestemme namnet var Maria Kampesæter Kleiven frå firmaet Trollbinde, Aslak Enstad frå Bjorli og Lesja Næringslag, Anne Evensen Torsgård frå Lesja bondelag, Jann Erik Dalum frå Lesja Fjellstyre og Erland Husom frå Nasjonalparkriket. Juryleiar Maria Kampesæter Kleiven seier at det er kjekt å sitja i ein jury når det har vore slik engasjement med mange forslag. Ho seier også at det var veldig bra at navneforslaga vart framlagt anonymt, slik at dei ikkje visste kven som hadde foreslått det forskjellige.

Juryen bestemte at namnet på den nye dagsturhytta skal vera TUSSHEIMBUE.

Grunngjeving frå juryen:

«Ein samla jury valde Tussheimbue som namn for den nye dagsturhytta. Å kombinere Tussheim-namnet med bue trur vi fører til at namnet blir brukt, samtidig som det forsterkar Tussheim-namnet. "Bue" er eit godt dialektomgrep som er brukt på bygg av liknande størrelse i fjellheimen.»

Den som sende inn forslag på Tussheimbue var Ingrid K Svelstad. Ho ynskjer å dele æra for namnet med andre. Det er eit namn som har vore diskutert i fleire fora. «Eg likte det og sendte derfor inn forslaget», seier ho.

Tussheimbue skal offisielt opnast laurdag 21. september samtidig med løpet «Tussheim Upp» som arrangerast av Lesja idrettslag.

Publisert 25.07.2019

Vi har innført eit moderne besøksregistreringssystem der besøkande sjøl registrerer seg via ein terminal i ekspedisjonen.

Straks etter registrering blir det automatisk sendt ein SMS til den som ventar besøk om at gjesten har kome, og du vil bli kontakta eller henta.

Dersom du ikkje har avtale på førehand, kan du be om å få møte nokon som er tilstade, via same terminalen. 

Publisert 24.06.2019
Idrettshallen Lesja

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning avviklas, det gjer også vilkår om kommunal garanti. Det er også viktig å merke seg avsnittet med  tilleggsendringane.

Publisert 04.06.2019

Skuleferien nærmar seg og svømmehallen stenger for offentleg bading frå og med veke 24. Vanlegvis opnar den att etter haustferien. Det vert varsla.

Publisert 28.05.2019

Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen og Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen besøker Oppland i perioden 17. til 19. september 2019.


Fylkesbesøket starter i Dovre kommune på formiddagen tirsdag 17. september, og Lesja kommune får besøk på ettermiddagen. Onsdag formiddag ankommer Kronprinsen og Kronprinsessen Skjåk kommune og avslutter dagen med å besøke Lom kommune. Fylkesbesøket avsluttes torsdag 19. september 2019 med besøk til Vågå og Sel kommuner.


Lokal ungdom skal være sentrale i planlegging og gjennomføring av Kronprinsen og Kronprinsessens fylkesbesøk til Oppland.

Publisert 28.05.2019

Påmelding innen 22. juni

Publisert 24.05.2019

Årets Hjerleidutstilling 15.-16.juni har tema Vakkert og varig.

 

Publisert 23.05.2019

Valstyret har i møte den 23.5. godkjent innkomne vallister til kommunestyrevalet 2019.

I tråd med vallova § 6-7:Offentliggjøring av godkjente valglister, blir vallistene lagt ut til ettersyn.  Listene ligg ute på kommunen sine heimesider, og i ekspedisjonen på kommunehuset.