Publisert 13.09.2019

   

 

Program for dugnadsdagen på Lesja bygdemuseum i samband med at Kronprinsparet besøker Lesja den 17. september er no klart.  Det blir ein flott dugnadsdag på Bygdetunet, der Kronprinsparet tek del i sjølve dugnadsarbeidet. Denne dagen er det ynskjeleg at det blir flagga frå kvar ei flaggstong i kommunen.  Ta gjerne også med flagg til Bygdatunet! 

Her finn du informasjon om busstider og parkering i samband med arrangementet

I denne facebookposten skriv vi litt om Ulla Riise, som skal stå for kulturelt innslag under Kronprinsbesøket

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert 17.06.2019

KVEN ER KURSET FOR

Kurs i meistring av belastning (KIB) er for personar som ynskjer å betre si evne til å meistre belastningar knytta til privatliv, arbeid og sjukdom.

Kva som opplevast som ei belasting er individuelt, men kan beteiknast som ein ubalanse mellom det ein maktar og det som opplevast som kvardagens krav.

Tegn på belasting kan vera:

Trist, sliten, utmatta, uro, muskel-spenningar, smerter, raskare irritert, mindre sosial, mindre aktiv, konsentrasjon- og søvnproblem

Kurset kan hjelpe deg å få meir glede og energi i kvardagen!

Informasjonsskriv om kurset finn du under "Informasjon" nedst på sida. 

Tid: Onsdagar kl 17.00 - 19.30

Stad: Blir bestemt ut frå antal påmeldte i hhv Lesja og Dovre

  • 16.10.19
  • 23.10.19
  • 30.10.19
  • 06.11.19
  • 13.11.19
  • 20.11.19
  • 27.11.19
  • 04.12.19
  • 08.01.20
  • 29.01.20

Ta gjerne kontakt for ytterlegare info og påmelding.

Påmeldingsfrist: 30. september

Publisert 15.08.2019

Dugnad og frivillig arbeid er det vi kjem til å sette fokus på denne dagen:

Sjå tidlegare pressemelding her

 

 

Publisert 15.08.2019

Levande Lesja lyste i juli ut ei konkurranse om namn på den nye dagsturhytta ved Tussheim. For at namneforslaga skulle bli registrert, måtte forslagsstillar sende namneforslag og eige namn på sms til oppgjeve telefonnummer.

Engasjementet har vore stort og det kom inn totalt 45 namneforslag. Jury for å bestemme namnet var Maria Kampesæter Kleiven frå firmaet Trollbinde, Aslak Enstad frå Bjorli og Lesja Næringslag, Anne Evensen Torsgård frå Lesja bondelag, Jann Erik Dalum frå Lesja Fjellstyre og Erland Husom frå Nasjonalparkriket. Juryleiar Maria Kampesæter Kleiven seier at det er kjekt å sitja i ein jury når det har vore slik engasjement med mange forslag. Ho seier også at det var veldig bra at navneforslaga vart framlagt anonymt, slik at dei ikkje visste kven som hadde foreslått det forskjellige.

Juryen bestemte at namnet på den nye dagsturhytta skal vera TUSSHEIMBUE.

Grunngjeving frå juryen:

«Ein samla jury valde Tussheimbue som namn for den nye dagsturhytta. Å kombinere Tussheim-namnet med bue trur vi fører til at namnet blir brukt, samtidig som det forsterkar Tussheim-namnet. "Bue" er eit godt dialektomgrep som er brukt på bygg av liknande størrelse i fjellheimen.»

Den som sende inn forslag på Tussheimbue var Ingrid K Svelstad. Ho ynskjer å dele æra for namnet med andre. Det er eit namn som har vore diskutert i fleire fora. «Eg likte det og sendte derfor inn forslaget», seier ho.

Tussheimbue skal offisielt opnast laurdag 21. september samtidig med løpet «Tussheim Upp» som arrangerast av Lesja idrettslag.

Publisert 25.07.2019

Vi har innført eit moderne besøksregistreringssystem der besøkande sjøl registrerer seg via ein terminal i ekspedisjonen.

Straks etter registrering blir det automatisk sendt ein SMS til den som ventar besøk om at gjesten har kome, og du vil bli kontakta eller henta.

Dersom du ikkje har avtale på førehand, kan du be om å få møte nokon som er tilstade, via same terminalen. 

Publisert 12.07.2019

 

 

 

 

 

Som kjent får Lesja kommune besøk av Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen og Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen den 17. september 2019, og planlegginga er godt i gang. 

Publisert 03.07.2019

Alle spelemiddelsøknadar må vere kommunen i hende innan 15.oktober 2019.

Publisert 24.06.2019
Idrettshallen Lesja

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning avviklas, det gjer også vilkår om kommunal garanti. Det er også viktig å merke seg avsnittet med  tilleggsendringane.

Publisert 17.06.2019

Info frå Statens vegvesen:

"På grunn av ferieavvikling vil Otta trafikkstasjon være sommerstengt fra og med 8. juli til og med 26. juli 2019. Dette gjør at Statens Vegvesen får utnyttet sine ressurser bedre i en periode med lav aktivitet.

I tillegg til Otta vil også Fagernes være stengt 4 uker, men trafikkstasjonene andre steder i fylket vil være åpne og ha et fullverdig tjenestetilbud hele sommeren. Vegvesenet anbefaler sine kunder om å bruke svartjenesten dersom de lurer på noe. Nummeret dit er 02030.

Vi minner også om at Statens vegvesen har utviklet flere digitale selvbetjeningsløsninger de siste årene. De gjør det mulig å få løst flere saker på nett, blant annet omregistrering ved bilsalg. En fullstendig oversikt over de digitale selvbetjeningsløsningene finner du på vegvesen.no/selvbetjening"