- at vi er der når du kjem og tek imot deg og barnet ditt
- at vi pratar med deg når du hentar
- at vi fokuserer på leik, omsorg, læring og barns medverknad
- at vi har eit aktivt uteliv heile året
- at vi samtaler med barnet ditt, syng og er medvitne når vi nyttar språket i daglege gjeremål
- at vi organiserar leik og planlagte aktivitetar i store og små grupper
For at vi skal kunne innfri innhaldet i vår serviceerklæring, ynskjer vi at du som føresett:
- kvardagen til barnet i barnehagen
- gjev oss informasjon om barnet, som er viktig for
- deltek på foreldremøte og held deg orientert om kva som skjer
- spør om det er noko du lurar på
- seier frå om det er ting du er nøgd/misnøgd med
- overheld opphaldstida
Dersom vi ikkje innfrir serviceerklæringen, ta kontakt med ped. leiar eller styrar. Vi vil ta kritikken på alvor, gå gjennom rutinane våre og gjev deg ei attendemelding.