Lesja kommune vil ha eit trygt og aktivt oppvekstmiljø for barn og unge der meistring for kvardag og framtid er overordna. Vi skal ha eit oppvekstmiljø som inkluderer alle, og vi skal leggje tilrette for gode og trygge oppvekstarenaer i kommunen.
Førebyggande og byggande arbeid er høgt prioritert, og skal kontinuerleg implementerast i alle tenesteledd.
Det er to kommunale barnehagar i Lesja kommune.
Lesjaskog friluftsbarnehage ligg lengst vest i kommunen.
Lesja barnehage ligg i Lesja sentrum.
Barnehagane i Lesja skal i samarbeid med heimen, arbeide for at alle barn, ut i frå eigne føresetnader, får delta i leik, aktivitetar og sosialt samspel. Gjennom dette skal kvart enkelt barn få erfaringar, oppleve meistring og få styrka identitet og positiv sjølvkjensle.
Publisert av Vigdis Kristin Nedregård
Sist endret 18.11.2021 12.19