Velkomen til Lesjaskog friluftsbarnehageLesjaskog friluftsbarnehage fekk nytt bygg som stod ferdig som to-avdelings barnehage i august 2008. Vi har plass til 12 barn under tre år og 22 barn over tre år.I grunnbemanning har vi to førskulelærarar på kvar avdeling og ein eller to fagarbeidarar ettersom kor mange barn vi har.Leik og aktivitet ute er viktig for Lesjaskog friluftsbarnehage. Vi går til skog og vatn og gapahuk like utanfor gjerdet og litt lenger unna. Skiløypa ligger like ved å blir flittig brukt. Vi har hovedfokus på Friluftsliv og tid til leik. Vi er også ein syngande barnehage. Vi har mykje samarbeid med skulen, som vi har i gangavstand. Ta kontakt med oss på909 77 699(bruk innvalgsnummer for å settes til avdelinger)Vurderer du å flytte hit, men lurar på korleis det er å bu her? Her er intervju med familiar som har flytta hit. Publisert av Vigdis Kristin Nedregård Sist endret 02.01.2025 10.54