Rektorstillinga vil ha administrative oppgåver i 60% stilling og undervisning i 40%.
I Lesja kommune er det eit politisk vedtak om å etablere ei felles leiing for Lesja og Lesjaskog skuler innan skulestart 2026. Vedtaket kan få betydning for arbeidsforholdet.
Du er en strategisk leiar og motivator, kommunisera godt og tydeleg og leier an i utviklingsarbeid. Du er oppteken av å ruste dei unge til å møte morgondagens samfunn og ser samstundes verdien av dei gode opplevingane i kvardagen. Du er bevisst på at gode relasjonar og eit godt læring- og arbeidsmiljø er føresetnader for læring og utvikling.
Lesjaskog skule har eit engasjert, raust, inkluderande og dyktig personale som er opptekne av å skape eit godt læringsmiljø for elevane. Lesjaskog skule skal vere ein god stad å vera og ein god stad å lære! Elevane skal ha ei kjensle av å høyre til og ei oppleving av at alle er inkludert i fellesskapet. Elevane skal kjenne seg verdsett og tekne på alvor.
Elevane skal oppleve ein skulekvardag som motiverande og er prega av meistring og trivsel og kjenne på eigen progresjon
Hovudarbeidsområder:
Fagleg, pedagogisk og administrativ leiar av skulen, inkl personalansvarleg for tilsette i skulen, SFO og symjehall.
Budsjett-, rekneskap- og rapporteringsansvarleg.
Plan- og utviklingsarbeid med vekt på målstyring, gode læringsresultat og sosial utvikling for elevane.
Leie og vidareutvikle skulen som ein lærande organisasjon og vektlegge ein positiv skulekultur.
Ivareta skule- / heimsamarbeidet på ein god måte.
Samarbeide med andre tverrfaglege sektorar som PPT, barnevern, helsestasjon og kommunens løysningsforum.
Det er også samarbeid med den andre skulen og barnehagane i kommunen.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar:
Godkjent pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket.
Det er ønskeleg med rektorerfaring og skuleleiarutdanning.
Du har god system- og rolleforståing.
Du har god kjennskap til læreplanar og gjeldande regelverk for grunnskulen.
Du har god økonomiforståing og evner å prioritere innanfor gjeldande budsjettrammer.
Personlege eigenskapar:
Strategisk lagbyggjar som evnar å jobbe systematisk og langsiktig, og utvikle gode strukturar og rutinar.
Evne til å bygge gode relasjonar til elevar, tilsette og foreldre.
Evne til å jobbe effektivt og sjølvstendig.
Påliteleg.
Evner å sjå, prioritere og løyse komplekse og utfordrande oppgåver.
Tør å utfordre og engasjere andre rundt deg.
Ambisiøs og engasjert på elevanes og skulens vegne.
Positiv.
Evne til å løfte i lag med dine tilsette for å gjere kvarandre gode.
Endringsvilje til å gjennomføre tiltak for at skulen skal vere rusta for framtida.
Personleg egnahet vil bli vektlagt.
Kva kan vi tilby:
Ein spennande og utfordrande jobb med gode samarbeidspartnarar
Ein skule med gode læringsresultat, dyktig personale og ressursar som gir handlingsrom.
Tilsetting på kommunale vilkår, gode forsikrings- og pensjonsordningar (innmelding i SPK.)
Lønn etter avtale.
Kontaktinformasjon:
Kommunalsjef Helse og oppvekst: Elisabeth Nerli tlf 928 02 537
HR-rådgiver: Dagfinn Rognerud tlf 404 13 600
Slik søker du:
Send søknad elektronisk via denne lenka.
Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Utdanning og erfaring skal komme fram på søknaden. Dette gjeld også evt. interne søkarar.
Søknadsfrist: 22.06.2025
Den som blir tilsett, skal levere politiattest (barneomsorgsattest) før oppstart, jf. Opplæringslova § 10-9, første og andre ledd, jf. politiregisterlova §39, første ledd.
Opplysningar om søker kan bli offentleggjort sjølv om søker har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista (jf. Offl. § 25). Søker bli varsla dersom opplysningar blir offentleggjort.
Søknadspapir blir ikkje returnert.
Saksnr: 2025/554-1 StillingsID: 329 Dato: 05.06.2025