Publisert 16.11.2017
KORPS Silje og Emil

Lesja kulturhus, laurdag 18. november kl. 19.00

Publisert 10.11.2017
Bygge fiber i NGD

Telenor har fått opp nye nettsider for informasjon om ulike fasar i utbyggingsprosessen, der kundar kan søke opp si eiga adresse og få status på framdrift. Prosjektet er støtta med midlar frå NKOM via søknad frå kommunane i Nord-Gudbrandsdal.

Dei jobbar så raskt dei kan for å få fibernettet klart. Førebels ferdigdato vil vere i slutten av tredje kvartal i 2018.

Gå inn på lenka til nettsida her: https://kabel.canaldigital.no/fiber/fiberutbygging

Publisert 10.11.2017
en_IGP_4c[1]

Lesja kommune ynskjer å gratulere Bjorli Fjellmat med svært anerkjennande kvalitetsmerking frå EU.  Det er produktet "Fenalår fra Norge" som no mottek den høgaste kvalitetsmerkinga i EU-systemet i høve til geografisk opphav (PGI).  Bjorli Fjellmat mottek utmerkinga offisielt i Paris tysdag 14. november. 

I september vann Avdem gardsysteri og Avdemsbue prisen "Årets Lokalmatgrûnder".  Bak kåringa står Næringsorganisasjonen Hanen, avisa Nationen og Norgesgruppen.

Begge tildelingane er med på å "setja Lesja på kartet" og å fremje lokalmatproduksjon i Lesja generelt.

 

Publisert 08.11.2017
Rådmann Willy Sægrov

For å bli enno betre på innovasjon og levering av gode tenester, jobbar no Rådmannen og sektorleiarane med leiarutvikling. Det er viktig å vedkjenne at ein alltid kan ha noko å lære. Framover vil leiargruppa fokusere på å jobbe samla mot vår felles arbeidsvisjon «Levande Lesja». Utvikling er, og vil framleis vere, prioritert av Rådmannen, både innan tenester og næring. Vi skal hente inn idear i neste nyhendebrev (Idebank).

Publisert 03.11.2017

1. november var siste frist for å spreie husdyrgjødsel før vinteren. Været har vore ustabilt den siste tida. Det har kome meire snø og regn enn værvarslingane tilsa. Nedbøren har ført til at jorda er metta av vatn. Gjødselvareforskrifta fortel at kommunen kan gje dispensasjon til å spreie husdyrgjødsel etter fristen, men på grunn av dei klimatiske tilhøva og den metta jorda så skal det mykje til før kommunen gjev dispensasjon til å spreie husdyrgjødsel etter 1. november. Vi rår til at dei som har for liten gjødsellagerkapasitet undersøkjer om det kan leigast lagerkapasitet hjå andre.  

Publisert 03.11.2017
Lesja sjukeheim

Forprosjekt Lesja Helsehus er laga av VSO consulting og vart lagt fram for byggekomiteen 2.11.17.

Publisert 03.11.2017
Vinterles

Då er biblioteka i Norddalen i gang med lesekonkurransen Vinterles att.  

Den som blir med på Vinterles kan ta  med seg skjema og lese minst 5 bøker. Du finn også skjema i brosjyra under.

 

Når du leverer skjema til biblioteket, får du eit flott Vinterles-krus. I tillegg er du med i trekninga av to gjennomgangsbillettar til Dansefestivalen på Sel.  

 

Vinterles avsluttast med forfattarbesøk til våren.

 

Publisert 26.10.2017
Fallskjermhopp Bjorli

Fylkeskommunen gir også i år tilskot til investering i anlegg eller utstyr i forbindelse med idrettsarrangement.

 

 

Publisert 25.10.2017
Henrik Alpers

Lesja kulturhus tirsdag 31. oktober, kl. 19.00.

Gratis inngang.

Lesja Dovre sykleklubb inviterer i anledning sitt 10 - års jubileum:

 

Plakat (PDF, 2 MB)

 

Publisert 18.10.2017
Bøker

Nasjonalbiblioteket er i ferd med å ferdigstille den fyrste versjonen av tenesta Biblioteksøk. Denne tenesta vil vere publikum sin inngang til dei norske biblioteka sine samlingar. Her skal publikum både finne materiale og kunne bestille materiale til nærmaste bibliotek.