Lesja kommune søker personell til fallviltarbeid

Kommunen har ansvar for å organisere og administrere fallviltarbeid, og utlyser 2-3 engasjement i fallviltgruppa for Lesja kommune frå no og ut 2025.

Dei som vert vald skal utføre ettersøk, avliving og ivaretaking av dødt vilt. Fallviltgruppa skal dekke heile Lesja kommune med ein 24 timars døgnberedskap alle dagar.

Lesja kommune søkar personar med følgande kvalifikasjonar:

  • Busett i Lesja kommune eller i straks nærleik av kommunen.
  • Registrert i jegerregisteret, og avleggar og består årleg skyteprøve for storvilt.
  • Kompetanse innan jakt, ettersøk og slakting.
  • Disponerer eigen jaktrifle med kaliber godkjend for storviltjakt.
  • Disponerer eigen bil.
  • Arbeidssituasjon som tillate fleksibilitet med utrykking.

Kommunen vil legge vekt på om søkar er godkjend ettersøksekvipasjar med hund, søkarens eignaheit og bustad i forhold til behovet i kommunen. Dei som er engasjert i fallviltnemnda er forsikra når dei er ute på fallviltoppdrag.

Søknadsfrist er satt til 8.september

Søknad rettast til: postmottak@lesja.kommune.no eller Lesja kommune; Postboks 53, 2671 Lesja.

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800