Publisert 20.10.2017

Søknadsfrist SMIL-midlar

I både Lesja og Dovre er det ledige SMIL-midlar som skal delast ut. SMIL-midlar kan gå til tiltak som skal ta i vare miljø- og kulturlandskapsverdiar i jordbruket. Dette kan typisk dreie seg om restaurering av gamle bygningar, rydding av beite og tiltak for redusert erosjon og avrenning frå jordbruket. Det er krav om at tiltaket skal skje på ein landbrukseigedom, men det er ikkje lenger krav om at søkaren skal vere berettiga produksjonstilskot.

Søknadsfrist 05.11.2017

Søknadsfrist tilskot til drenering av jordbruksjord

I både Dovre og Lesja er det mogleg å søkje om tilskot til drenering av jordbruksjord. Dette kan dreie seg om graving av grøfter og profilering. I Dovre finnst det rikeleg med ledige midlar, medan potten er brukt opp i Lesja. For Lesja er det mogleg å søkje, og kommunen vil tildele midlar så langt det er mogleg å få ekstrabevilgningar frå Fylkesmannen. Søknadar som ikkje kan innvilgast på årets ramme vil bli behandla i 2018.

Søknadsfrist 05.11.2017

Søknadsfrist kommunalt tilskot til landbruksformål

Lesja kommune har  midlar til kommunalt tilskot til landbruksformål. Formåla med ordninga er tilskot til nydyrking, nyetablering i husdyrhaldet, nye husdyrbrukarar og andre landbruksrelaterte tiltak. Det er ikkje standard søknadsskjema knytt til ordninga. Tilskot til nydyrking  blir utbetalt utan søknad etter oppmåling og godkjenning av nydyrkingsfelt.

 

Søknadsfrist er 05.11.2017.

Publisert 18.10.2017
Bøker

Nasjonalbiblioteket er i ferd med å ferdigstille den fyrste versjonen av tenesta Biblioteksøk. Denne tenesta vil vere publikum sin inngang til dei norske biblioteka sine samlingar. Her skal publikum både finne materiale og kunne bestille materiale til nærmaste bibliotek.

Publisert 18.10.2017

Studiesenteret.no tilbyr en rekke dagskurs i høst. Kursene går hovedsaklig over videokonferanse i Karrieresenteret sine lokaler på Otta.

Publisert 04.10.2017
kaffilars

Prisen blir delt ut ein gong i året, så sant ikkje Livsløpsstyret fastset noko anna.

Publisert 29.09.2017
Lesja svømmehall

På grunn av naudsynt vedlikehald er svømmehallen stengt til veke 45. Vi kan halde åpen svømmehall  ut skuleåret (i juni)som kompensasjon for dei med årskort.

 

Publisert 21.09.2017

Grunna systembrist i sak- og arkivsystemet vi nyttar, måtte vi tidlegare denne veka stenge tilgang til dokument i innsynsløysinga vår. 

Feilen er no funnen og retta, slik at dokumenta på ny kan søkast opp i postlista vår.

 

 

Publisert 21.09.2017

Kommunebilder 2017 gjenspeglar Fylkesmannen sitt inntrykk av kommunane i vårt fylke og gir eit bilete av nosituasjonen innan ulike tenesteområde. Punkter som Fylkesmannen ønsker dialog med kommunane om fremover.

Det er viktig å understreke at kommunebildet ikkje syner ein fullstendig oversikt over Fylkesmannen sitt bilete av kommunen, men har fokus på nokre tilhøve der kommunen har eit handlingsrom eller eit utviklingspotensial som det er viktig å ha dialog om. Utfordringane må ein løyse lokalt i kommuna, og det ønsker Fylkesmannen å bidra til.

Publisert 21.09.2017
Helsestasjonen

Unge kvinner født 1991-1996 som ikkje har fått HPV vaksine, kan få den gratis no! Ta kontakt med oss på Lesja helsestasjon no!  

Ope måndag, tysdag, torsdag og fredag kl  8.00-15.30

Tlf 612 44 209/612 44 201

Mob 95183877

 

For meir informasjon les:

https://www.fhi.no/sys/sok/?term=HPV+unge+kvinne+f%C3%B8dt+1991

Publisert 20.09.2017
Illustrasjonsbilde_smitte

Vaksinen kostar 120 kr om du har frikort. Har du ikkje frikort vert det 174 kr. Ta kontakt med legekontoret på telefonnummer 61244200 for å tinge time. Du må vente på legekontoret i om lag 15 minutter etter du har fått vaksinen.