Samtaletelefonar for barn og unge.

Barn og unge kan ha mange spørsmål, tankar og bekymringar rundt Korona-viruset og den spesielle situasjonen vi er i no. Det er fleire som barn og unge kan kontakte om dei treng nokon å prate med. 

Hos krisestaben i Lesja og Dovre ligg det ute ein oversikt over kven som kan kontaktast dersom du treng nokon å prate med.

PPT Nord-Gudbrandsdal har opna ein nettstad og ei facebookside: unginorddalen Her kan du chatte anonymt. Du kan og ringe 480 77 880. Dette er eit tilbod til barn og unge som du kan bruke om du kjenner savn av venner, vanskeleg å følge opp skulearbeid, føler deg einsam, har vanskar med venner, noko er vanskeleg heime, hendingar som ikkje bør skje, viss du er utsett for vald eller overgrep, vanskelege følelser som dukker opp, problem i forhold til arbeid og skule, søvnproblemer og døgnrytme, eller andre ting. Du kan være anonym, og ansatte har taushetsplikt. Dei som skal betjene denne telefonen er ansatte i Nord-Gudbrandsdal PP-tjeneste. Opningstid er kl. 12.00-20.00 på kvardager og kl. 12.00-17.00 i helgene.  

Janne Sætrenes kan kontaktast dersom du treng nokon å prate med, tlf. 91102221.