Organisert beitebruk

Lesja har ein godt organisert beitelagsstruktur med 7 beitelag for sau og storfe. Heile kommunen er dekt med denne ordningen, og beitelaga har ansvar for tilsyn og sanking av ca 19 000 sau og 2 600 storfe på utmarksbeite. 

Beitelaga er organisert med eige styre og eige drift, medan Lesja beitsamlag fungerer som ei overbygging og avlastar beitelagsstyra i mange høve. 

Beitelaga kan søke om investeringsmidlar til tiltak i beitefelt, med søknadsfrist 15. februar. Søknad sendast på eige skjema via kommunen til Fylkesmannen. 

Beitelaga søker om driftstilskott til laget med frist 1. november. Eigen informasjon sendast beitelagsleder i god tid før kvar søknadsomgang.

1.november er også fristen for innmelding av tap av beitedyr. For spørsmål om utfylling av søknad; kontakt fylkesmannen i Innlandet. Kommunen har ikkje rettleiingsplikt for denne ordninga.

Beitebruksplan for Lesja vart vedteke i Lesja kommunestyre 25. mai 2009.  Beitebruksplanen finn du ved å klikke her.  Handlingsdel for perioden 2009 - 2013 finn du her (PDF, 27 MB)