Jordleige

Eigarar av jordbruksareal som ikkje driv jorda sjølv og som ikkje har skriftleg jordleiekontrakt med leietakar må levere slik avtale til kommunen for godkjenning. Jordleigeavtaler skal ha en varigheit på 10 år. Leigetakar kan seie opp før tida er ute. Utleigar kan berre seie opp avtalen om den er misleghalde. Lengre avtaler enn 10 år må ha konsesjonsløyve.

Avtaler med klausul om automatisk forlenging dersom partane har blitt einige om det så sant ingen av partane seier dei opp, kan ikkje brukast etter endringane i Jordloven av 2017.

Både Lesja kommune og Dovre kommune har vedteke retningsliner for godkjenning av jordleigeavtaler. Desse finn du på kommunen sine heimesider.

Kommunen sin mal for jordleigeavtaler ligg i lenkene nederst på sida.

Nyttig tips:

  • Skriv inn i jordleigeavtalene kven som har ansvaret for gjerdevedlikehaldet i leigeperioden.
  • Har du felles privat veg som vil få endra kjøremønster som følgje av utleigeforhold – avklar dette med dei andre partane i vegen.
  • Jordleigekontrakter bør beskrive om eigedomens beiterettar føljer med eller ikkje.

Kontakt

Martin Vorkinn
Konsulent Landbruk og Kommunedir.Stab
Telefon 900 95 301
Mobil 900 95 301