Turer og turløyper - «På tur i Lesja»

Turguiden «På tur i Lesja» vart ferdigstilt hausten 2017 og vi må seie oss nøgde med resultatet! Vi takkar så mykje for alle bidrag, både i form av bilde og forslag til nye spennande turmål!

Turguiden og digitalisering via Outtt er eitt av bidraga i arbeidet med omdømmebygging og marknadsføring av Lesja. Vi har allereie fått attendemeldingar frå andre kommunar i regionen som ynskjer å setja i gang liknande tiltak med utarbeiding av turguide lik vår – det er eit stort pluss for heile regionen!

For tida arbeider tilsett prosjektleiar med å digitalisere turane via turportalen outtt.com og i den gratis nedlastbare appen Outtt. Vi håpar den nye turguiden og digitaliseringa via Outtt vil gjere det enklare for både fastbuande og tilreisande å finne sine turar i vakre Lesja.

Lesja har mangfaldige tur- og løypemoglegheiter, og ein finn noko for einkvar smak! Når det er sagt, tek vi gjerne i mot fleire tips om turar som kan leggjast inn i Outtt.  

Turguiden finn du på alle turistkontor i Nord-Gudbrandsdal og i lokale nærbutikkar. Du finn også turguiden i denne lenka eller du kan gå inn på outtt-Lesja

God tur i Lesja! Og hugs; merk dine turbilde med #turilesja

Dei siste åra har det blitt lagt ned ein kjempeinnsats av frivillige lag og organisasjonar. Utallige timar er gått med til å rydde, merke og skilte gamle og nye stigar og løypetraseer. Det har blitt tilrettelagt gapahukar, benkar, informasjonstavler og parkeringsmoglegheiter for å nevne noko.

Artikkelliste