Lesja kommune søkjer badevakter til Lesja svømmehall, som ligg i tilknyting til Lesja skule. Vi har ledig éi fast stilling og eitt vikariat (1 år), begge med ei stillingsprosent på 17,1 %. Oppstart er frå midten av oktober (etter haustferien) og varer ut mai månad, i perioden svømmehallen er open for offentleg bading.
Vi har òg behov for tilkallingsvikarar som kan stille på kort varsel ved fråvær blant dei faste badevaktene.
Arbeidstid og oppgåver
• Offentleg bading er to kveldar per veke:
Tysdagar og torsdagar kl. 17:00–21:00
• Arbeidstid: 9 timar per veke, inkludert 15 minutt før og etter opningstid til førebuing og etterarbeid.
• Badevaktene har ansvar for tryggleik og tilsyn i symjehallen under offentleg bading.
Kvalifikasjonskrav
• Du må vere svømmedyktig.
• Du må ha gjennomført livredningskurs, eller vere villig til å ta kurs før oppstart.
• Det vert kravd politiattest og barneomsorgsattest før tiltreding, jf. opplæringslova §10-9 og politiregisterlova §39, 1. ledd.
Løn
Løn vert rekna ut frå årsløn for 100 % stilling:
kr 397 000 – 494 200, avhengig av ansiennitet.
Kontaktinformasjon
For nærare informasjon, ta kontakt med:
• Gro Bjøralt, tenesteleiar/rektor frå 01.08.2025 – tlf. 948 60 347
• Ellen Turmo Flotten, assisterande rektor – tlf. 948 65 183
Søknad
Søknadsfrist: 31.08.2025
Send elektronisk søknad via www.lesja.kommune.no → Ledige stillingar.
Merk: Søknader som ikkje vert sendt via vårt elektroniske søknadsskjema, vert ikkje vurderte.
Viktig informasjon
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om det er bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova §25. Dersom unntaket ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Søknadspapir vert ikkje returnerte.
Saksnr: 2025/592-1 StillingsID: 330 Dato: 14.08.2025