Lesedigg - la barna finne digge bøker!

Lesedigg er ei heilt ny teneste som skal hjelpe barn (mellom 7 og 13 år) å finne kjekke bøker. 

Ved hjelp av emojiar og andre søkjefunksjonar kan brukarane søkje seg fram til bøker som høver for akkurat dei. Her kan dei til dømes velje kor lang boka skal vere, om ho skal vere lettlesen og om boka skal innehalde berre tekst eller mange bilete. Her kan barna finne bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior.

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida Junior