Ein titt i bygdebokarkivet

Delar av bygdebokarkivet er plassert på Lesja bibliotek. Kva kan vi finne her?

Arnfinn Kielland To viktige delar av arkivet etter arbeidet med dei tre binda med gards- og slektshistorie for Lesja er no plassert på Lesja bibliotek. Det mest interessante er kanskje den delen som inneheld gardsmappene, der ein finn kjeldene til det som er skrive om gardane, plassane og folket i bøkene. Den andre delen er ei noko omfattande samling av informasjon kring dei som utvandra frå Lesja til Nord-Amerika. Til gjennomsyn for dei som ynskjer. Ta kontakt i skranken for lån av nykkel.


Litt informasjon om kva som er tilgjengeleg