Biblioteksøk

Klikk for stort bildebiblioteksøkBiblioteksøk - alle bibliotek i eitt søk!

Med eit enkelt søk på bibsok.no kan du finne bøker, lydbøker, filmar eller musikkinnspelingar frå heile landet. Dette er meint å vere éin inngang til norske bibliotekkatalogar. Ved å logge inn med Nasjonalt lånekort, kan du bestille til ditt lokale bibliotek. Du kan òg få direkte tilgang til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket står bak tenesta. Alle folkebiblioteka, dei fleste fagbiblioteka (alle universitet og høgskular) og òg bibliotek på mange vidaregåande skular er med i Biblioteksøk.