Ny skjemaløsning i Lesja kommune

Klikk for stort bilde Vi har bytta til ny løysing for elektroniske søknader i samband med at vi skifta sak- og arkivsystem. Det er ei oppgradering til ny versjon av den vi brukte tidlegare, og du finn lenker på same stader som før.

Merk: Du kan ikkje lenger bruke snarvegar som du har laga deg sjøl i nettlesarar og liknande. Du må også opprette brukar på nytt, dersom du skal kunne lagre dine søknader og repiterande informasjon som namn, adresse osb.

Opplysingar du hadde lagra tidlegare, må du dessverre legge inn på nytt. Du kan lage deg ny snarveg etter at du har teke i bruk den nye løysinga. Løysinga er minst like sikker og trygg å bruke som før. Du loggar på ved hjelp av IDporten (Bank-ID og liknande).

Den nye løysinga er universelt utforma, som gjer at den er enkel å bruke også på mobil og nettbrett.  Det ligg fleire skjema under kvar kategori, og du opnar oversikten ved å klikke på symbolet ˅ ute til høgre på kvar kategori. 

Klikk for stort bilde