Konsesjon

Den som ervervar ein konsesjonspliktig eigedom må søkje om konsesjon (tillating) frå myndighetene. Eit erverv er eigedomsovergangen frå tidlegare eigar (overdragar) til ny eigar (ervervar). Erverv er eit fellesord for ulike måtar å få eigarskap/råderett til ein eigedom, som ved arv, kjøp, gåve, lange leieperiodar osv.

Personer som er i nær slekt med tidlegare eigar av ein landbrukseigedom kan overta eigedomen konsesjonsfritt dersom overtakaren oppfyller konsesjonsloven sine føresegner om buplikt i tilfelle der eigedomen har meir enn 35 dekar fulldyrka mark og eller 500 dekar produktiv skog. Skjema og meire informasjon finn du på denne sida: Informasjon om egenerklæring om konsesjonsfrihet ved erverv av fast eiendom

Kjøp av landbrukseigedom med meir enn 35 dekar fulldyrka mark og 100 dekar totalareal frå andre enn nær slekt krev at det søkast om konsesjon. Skjema og meire informasjon finn du på denne sida: Informasjon om søknad om konsesjon på erverv av fast eiendom mv

Lenke til skjema som gjeld konsesjon

Kontakt

Harald Aulie
Landbruksveileder
Telefon 911 35 419
Mobil 911 35 419