Klarlegging/retting av eksisterande grense

Det skal i alle former for klarlegging av grense, også der det er ei rein utstikking i samsvar med tidlegare oppmålingsforretning (målebrev eller liknande), haldast oppmålingsforretning.

Kven kan søke/krevje klarlegging av eksisterande grenser?

Føljande kan krevje klarlegging av eksisterande grenser utført som særskilt forretning:

  • den som har grunnboksheimel som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga, eller
  • staten, fylkeskommune eller kommune.

Lovverk:

Krav om klarlegging av eksisterande grense må innehalde
Kravet må fremjast skriftleg overfor kommunen. 

Rekvisisjon om oppmålngsforretning

Kart som viser det omsøkte

Saksgang

Trinn 1 - Enkel gjennomgang av saken

Er det manglar eller feil i saken blir rekvirenten orientert om dette. 

Trinn 2  – Oppmålingsforretning (matrikkelloven)

Ved klarlegging av eksisterande grenser vil typisk forretningstype A nyttast (sjå skjema for søknad og deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning). Når løyve blir gjeve og eventuelle vilkår for løyvet er oppfylt, vil kommunen sende ut innkalling til oppmålingsforretning. Heimelshavar og eigarane til tilstøytande/berørte eigedommar blir varsla om når oppmålingsforretninga vil finne stad

Oppmålingsforretning

 

Trinn 3 - Orientering

Når forretningen er gjennomført blir informasjon om dette sendt til berørte partar/rekvirent.

Gebyr

Kommunale gebyr:

Klarlegging av eksisterende grenser skal ikkje tinglysast.

Opningstider

Alle kvardagar frå 09:00 til 14:00