Gjennomføring av oppmålingsforretning

Oppmålingsforretning er påkrevd ved føljande sakstyper:

  • Frådeling (oppretting av grunneigedom, festegrunn, anleggseigedom)
  • Arealoverføring
  • Klarlegging av eksisterande grenser

     

Varsling om oppmålingsforretning

Når rekvisisjon av oppmålingsforretning er motteke og ved søknadspliktige tiltak løyve til deling føreligg, vil heimelshavar og berørte partar etterføljande bli  varsla om oppmålingsforretning.

Oppmålingsforretning

Ved oppmålingsforretninga  blir  relevante grensepunkter til eigedommen(e)påvist og oppmålt. Oppmåler er nøytral part og det er partane i saka som, utifra tilgjengelig dokumentasjon/løyve, må bli einige om kvar grensa må gå. Det blir ført protokoll over oppmålingsforretninga der det framgår kven som møtte, om det var einigheit/ueinigheit i påviste grenser og eventuelt andre tilhøve som kom opp under oppmålingsforretninga. Protokoll blir underskrive av partar som møtte på oppmålingsforretning anten personleg eller via fullmakt.

Endringar blir ført inn i matrikkelen og tinglyst

Endringar i eigedomsgrenser blir ført i matrikkelen. Når eventuelt dokumenter nødvendige for tinglysing er sendt kommunen blir saka oversendt til Statens kartverk for tinglysing og gebyr sendes til rekvirent viss ikkje annan fakturaadresse er oppgitt.

Kontakt

Sine Gustavsen
Avdelingsingeniør teknisk
Telefon 480 50 214
Mobil 480 50 214
Kristian Brun Øygarden
Oppmålingskonsulent