I henhold til forskrift om skogfond o.a. pliktar skogeigar å avsetja midlar til eigedomens skogfond ved sal av hogd vyrkje eller ved sal av tre på rot. Føremålet med skogfond er å sikra finansiering av ein berekraftig forvaltning av skogressursane.
Inneståande skogfondsmidlar fylgjer eigedomen ved eigarskifte. Skogeigar kan velja å avsetja midlar tilsvarande frå 4 til 40% av tømmerets bruttoverdi til dette fondet. Skogfondsmidlane skal brukast til langsiktige investeringar som er fagleg, økonomisk, og økologisk forsvarlege og i samsvar med skoglovens føremål og forskrifter.
For å søkje om refusjon frå skogfond skal skjema LDIR-908 eller LDIR-909 nyttast(lenke til skjema)
Les meir om skogfond her, https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/skogfond/skogfond-no
Publisert avMartin Vorkinn
Sist endret21.03.2019 22.17