Har du funne kadaver?

Dette gjer du:

  1. Ta bilete av lokasjon i kart

Ta skjermbilete av kartappen på mobilen din, som viser kvar du står. Helst Norgeskart, Ut.no eller liknande, Google Maps blir ikkje nøyaktig ute i terrenget. Noter gjerne ned koordinater, bruk da UTM-koordinater.

  1. Ta bilete av øyremerket

Om sauen har øyremerke, ta bilete av dette.

  1. Ta bilete av sauen

Ta bilete av sauen, der ein ser heile dyret, men at det også er fokus på eventuell skade. Ta gjerne bilete frå fleire vinklar.

  1. Meld frå

Meld frå om funnet til eier, rovviltkontakt eller landbrukskontoret i kommunen.

Om det er mogleg, dekk til kadaveret med kvist eller stein.

Meld frå til ein av desse:

Rovviltkontakter i Lesja og Dovre:

Jann Erik Dalum 481 10 993

Atle Erik Berget 958 08 848

Elise Myren 902 24 569

Asgeir Myhrmoen 905 03 035

Rune Elnan 908 50 667

 

Kontaktpersonar i SNO for området her:

Øyvind Angard tlf 917 33 365

Ole Knut Steinset, tlf 464 48 657

Lesja kommune/ landbrukskontor: tlf. 612 44 100

Beitelag/eigar

Om det er informasjon om beitelaget i området ved turstart, kan du varsle nokon i beitelaget.

Om du finn telefonummer på klypa, kan du seie frå direkte til eigar.

 

[....]

 

Kvifor skal du melde frå om kadaver?

Gardbrukarar har godt tilsyn av dyr i beiteområda gjennom heile sesongen. Årleg sleppes over 26 500 sauer og 3000 storfe på beite i Lesja og Dovre. Dei sleppes i store utmarksområder. Om eit dyr skulle dø, så tek det svært kort tid før det blir ete av åtselsetarar. Dekk gjerne til kadaveret med kvist og stein, om det er mogleg!

Det er viktig å få dokumentert dødsårsaka, og eventuelle skader på dyret. Difor er gardbrukarar avhengig av god informasjon om du som turgåar finn eit kadaver.

Øyremerke er «passet» til dyra

Øyremerka er identitetspapiret til dyra. Det har nummer på individet, men det kan også stå namn på eigar. Namn og telefonnummer til eigar står ofte på innsida av klypa. Dei ulike gardbrukarane har ulike fargekombinasjoner, så det er viktig med bilete av desse, eller korrekt beskrivelse og nummer på øyremerka.

 

 

Husk bandtvang

I Lesja kommune er det bandtvang frå 1. april – 20. august. I beiteområde er det utvida bandtvang frå og med 21. august til og med 1. oktober.

I Dovre kommune er det bandtvang frå 1. april – 1. oktober.

I nokre verneområde er det utvida bandtvang frå 1. mars.

 

Last ned PDF

Lenke til plakat i PDF som kan skrives ut (PDF, 607 kB)

Artikkelliste