Tilskott til planlegging av anlegg for Biogass-produksjon i Lesja

Viser til prosjektrapport og informasjon om prosjektet her

Økonomien i kvart enkelt prosjekt vil avhenge av forhold på det enkelte bruk eller grend. For eksempel er husdyrtilskott ved bruk av husdyrgjødsla til biogass forskjellig for ulike dyreslag. For 2022 var satsane kr 2.770 pr mjølkeku, kr 1.583 for ammeku og kr 950 for ungdyr der anlegget ligg på garden. Tilskottet er kr 833 / tonn der gjødsla kommer frå ein annan gard.

Lesja kommune har i  samarbeid med bondelaget satt av SMIL-midlar til vidare planlegging av enkeltanlegg, enten stort eller lite. Vi oppmodar derfor interesserte gardbrukarar om å søke på desse midlane. Totalpotten til planlegging er kr 310.000. Tiltak er derfor ikkje garantert tilskot. Prioriteringar vil bli føretatt i forhold til søknad men vil også bli sett opp mot funn i prosjektet.

Tilskotet utbetalast i ettertid ved dokumentasjon av kostnader.

Søknad om SMIL-midlar tli planlegging

Søknadsfrist: 20.06.2023

Vedtak kan forventast innan 10.07.2023

Arbeidsfrist: 1.12.2023

Velg denne tiltakstypen: Planleggings- og tilretteleggingstiltak

Kostnader som er grunnlag for støtte:

-  Eksterne kostnader som konsulent, fagtur, kalkyle for det enkelte anlegg.

-  Klimaeffektdokumentasjon må være en del av det som utredes.

-  Eige arbeid kan utgjere inntil 20% av kostnadene.

Utrekning tilskott:

  • Enkeltbruk inntil kr 35.000
  • Grendeprosjekt opptil 25.000 tonn husdyrgjødsel inntil kr 50.000
  • Storanlegg med over 25.000 tonn husdyrgjødsel inntil kr 100.000.

Kommunen ser at storanlegg vil krevje større kostnad for planlegging, og vil eventuelt bidra med hjelp for å finne ytterlegare offentleg finansiering.

 

Vedlegg til søknaden:

Kostnadane bør baserast på innhenta tilbud frå konsulent.

Kontaktpersoner:

Martin Vorkinn, martin.vorkinn@lesja.kommune.no

Solveig Brøste Sletta, solveig@nordveggen.no

Kontakt

Martin Vorkinn
Konsulent Landbruk og Kommunedir.Stab
Telefon 900 95 301
Mobil 900 95 301