Takk for all støtte til "Julegåveaksjonen 2019"! Lesja kommune og Marijampole kommune takkar for alle bidrag i samband med "Julegåveaksjonen 2019"! Representantar for Lesja ungdomsråd og Lesja kommune overleverte sist helg julegåvene i Marijampole. Med på turen var Gaute Skotte, Herman Aaheim, Hans Oskar Møller og Anton Cornelius Nilsen frå ungdomsrådet, og Janne Sætrenes og Martin Vorkinn frå Lesja kommune. To kombinerte barneheimar/dagsenter vart besøkt og har fått av gåvene som var samla inn blant barnehage- og skulebarn i Lesja. Lesjingane fekk også besøke ein yrkesskule der 1500 elevar fekk utdanning innan svært mange ulike fagområde. Ungdomsrådsrepresentantane hadde eit svært positivt møte med ungdommar frå Marijampole. I møte med Marijampole-ordføraren vart framtida for venskapssamarbeidet drøfta. Ordføraren la vekt på det positive og verdifulle samarbeidet mellom dei to kommunane, og framheva spesielt betydninga av ungdomssamarbeidet. Marijampole ynskjer å invitere Lesja toraderklubb På 2. rad til byen under bydagane 2020. Dei har også eit ynskje om at folkemusikkgruppa Zibinycia skal kunne besøke Lesja og halde konsert her sommaren 2020. Publisert av Martin Vorkinn Sist endret 13.04.2023 15.43