Ekstremværet Gyda 2022

I samband med ekstremværet Gyda styrkar naudetatane og kommunane beredskapen.

Brann og redning har tilgang på eigna transportressursar både internt, gjennom Røde Kors og frå andre aktørar dersom det blir uframkommeleg med vanleg bil. Driftsavdelinga i både Lesja og Dovre kommune har alle ressursar klare, og har òg kontakt med eksterne entreprenørar som står klare til å bistå på kort varsel. Vegentreprenørane har auka beredskap for å halde vegnettet mest mogleg opent og farbart. Politiet har òg sett inn ekstra ressursar i området.

Vi oppmodar folk til å følge med på bekkar/åer og stikkrenner, og varsle teknisk vakt i kommunane dersom det oppstår situasjonar som kan truge infrastruktur.

Teknisk vakt Lesja kommune: 480 44 100

Teknisk vakt Dovre kommune: 474 50 306

 

Kommunane har ikkje kapasitet til å bistå privatpersonar med tining av stikkrenner, utpumping av vatn ol., og slike forespørslar lyt difor rettast til entreprenørane. Det same gjeld aggregat ved langvarig straumbrot. Det er venta at det vil bli krevjande køyreforhold på vegar som i utgangspunktet har snødekke, og vi oppmodar til å vurdere om ein kan la bilen stå dei neste to dagane dersom vêret slår til for fullt.

Vi vil samstundes minne om kontaktpunkt for naudsamband som blir bemanna dersom ordinært mobilnett skulle bli slått ut:

Bjorli: Bjorli forsamlingshus

Lesjaskog: Lesjaskog brannstasjon

Lesjaverk: Solheim forsamlingshus

Lesja sentrum: Friheim forsamlingshus

Dombås og Kjøremsgrende: Joratunet

Dovre: Dovre skule

Hjerkinn: Hjerkinn fjellstue

Om mobilnettet sluttar å fungere og ein har akutt behov for bistand kan ein møte fram på næraste kontaktpunkt, så vil varsling bli vidareformidla over naudsambandet.

Forfatter: Pål Husom, Lesja Dovre brannvesen

Det er lite vi får gjort med vêret, men vi minner om nokre tiltak kan det vera nyttig å førebu / tenke igjennom på det enkelte gardsbruket:

Dersom straumen blir borte eller vegane blir stengde er det nyttig å ha gjort nokre enkle førebuingar heime. Dette kan du gjere nå:

Det er varslet mye nedbør fra Gyda også i Innlandet. Telenor holder oss oppdatert når et gjelder telefon- og mobilnettet i området.