No har norske kommuner fått sin egen arealprofil

Vil du vite korleis det står til med jordvern, boligbygging og tilgangen til grøntområder i din kommune? Da kan du sjekke arealprofilen i din kommune.

Arealprofilene er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og er meint som eit verkty i den overordna planlegginga i kommunane.

Indikatorane tek for seg forhold som vi har bedt kommunane ta hensyn til i planlegginga. Det gjeld mellom anna dyrka mark, hyttebygging, strandsone og behov for boligbygging.

Målet med arealprofilane er å gjere den kommunale planlegginga enklare ved å samle mest mogleg data om arealbruk på ein stad, og å gjere det lett å samanlikne seg med andre kommuner. Vi veit at planleggingskapasiteten er pressa i mange kommuner. Å få mykje data samla ein stad, vil kunne spare mykje tid.

I tillegg til dei nye arealprofilane, har SSB også samla anna statistikk om arealbruk og innbyggarar i kommunane i ei eiga netteneste under Kommuneareal.

Arealprofiler for Lesja kommune  Kommuneareal for Lesja kommune