Konfliktrådet

Få menneske går gjennom livet utan noko form for konfliktar. Nokre usemjer vert så store at dei vil vera vanskelege å løyse på eiga hand. Nabousemja som ligg der og kvernar bak i hovudet, anmeldelsen på for vald på fest som vart forkynt av den lokale lensmannen i går. Eller tjuveriet du var teken for på Cubus, råninga med den gamle Volvoen sin som skremde ungane i barnehagen - døma er mange.

Statleg teneste

Konfliktrådet er ein statleg teneste som tilbyr mekling i sivile saker og straffesaker. Målet er at partane sjølve skal finne fram til ei løysing og ei avtale ved hjelp av ein nøytral meklar. Alle tilsette og meklarar er nøytrale, og har teieplikt, og skal legge best mogleg til rette for at alle partar får arbeidd med kjenslene sine rundt konflikten, og dermed kan leggja det ubehagelege bak seg.

Samtykke

Politiet kan sende straffesaker til konfliktrådet dersom påtaleansvarleg finn saken eigna, og partane samtykker. Ein straffesak er der eit forhold er meldt til politiet, og påtalemyndigheita finn forholdet straffbart. Er gjerningspersonen under 15 år sender politiet over saka som ei sivil sak. Privatpersonar og offentlege instansar kan også melde inn sivile saker, sjølv om desse ikkje er melde til politiet.

I alle tilfelle er det krav om partane sitt samtykke, samt at dei møter opp sjølve. Ein kan ha med seg støttepersonar i møtet, men ein kan ikkje få bistand av advokat eller annan fullmektig. Partane i sivile saker kan avtale angrefrist seg i mellom, medan i straffesaker er denne på to veker.

Fokus på ungdom

Konfliktrådet har lenge hatt fokus på ungdom, og domstolane har kunna idømt reaksjonar som til dømes påtaleunnlatelse med vilkår om mekling i konfliktråd, eller betinga fengsel med vilkår om oppfølgjing frå konfliktrådet.

Frå 01.07.14 vert straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging lagt til konfliktrådet. Dette er eit alternativ der handlingane er gjort når ungdommen er mellom 15 og 18 år. Straffa vert idømt av domstolane eller ilagt av politiet men skal koordinerast og gjennomførast med konfliktrådet i spissen. Straffa er individuell, og skal skje i samarbeid med ungdommen si heimkommune.

Gratis

Mekling i konfliktrådet er gratis, og Konfliktrådet i Oppland administrerer alle kommunane i Oppland, med unntak av Jevnaker som ligger under Konfliktrådet i Buskerud. Ta gjerne kontakt for spørsmål, eller om du har en sak du vil ha mekla

Kontakt

Du kan kontakte oss på telefon 22777210 eller sende oss epost på oppland@konfliktraadet.no.