Konsesjon

For eigedom betyr konsesjon løyve til erverv av fast eigedom. Erverv er eit fellesord for alle måtar ein kan overta ein eigedom på.

Konesesjonslova med tilhøyrande føresegner regulerer om eigedomsoverdraging treng konsesjon eller ikkje. For eigedom som kan unntakas konsesjonsplikt etter konsesjonslova, må ein sende inn eigenerklæring om konsesjonsfridom.

Lesja kommune har etter føresegn nedsett konsesjonsgrense (nullgrenseføresegn) for bebygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad.

Nullgrenseføresegna har som formål å hindre at eigedom som skal nyttast til heilårsbustad vert nytta til fritidsformål. Føresegna ivaretek omsyn til fast busetjing i Lesja kommune.

 

Tinglysing

Ved tinglysing av eigedomsoverdraging skal skjema for eigenerklæring av konsesjonsfridom sendast til kommunen for stadfesting, før tinglysing.

Ved overtaking av bebygd eigedom større enn 100 dekar eller med meir enn 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord, kan du sjå på landbruksavdelinga si side om jord- og konsesjonslov.

 

Under følgjer lenkjer til Kartverket, Regjeringa og Landbruksdirektoratet med meir info om temaet:

https://kartverket.no/eiendom/tinglyse-eierskifte/konsesjon/

https://www.regjeringen.no/no/tema/mat-fiske-og-landbruk/landbrukseiendommer/innsikt/konsesjon/id2482552/

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/eiendom/konsesjon

Tips:

For å få kontrollert og registrert opplysningane i erklæring om konsesjonsfridom så raskt som mogleg, må ein hugse å fylle ut punkt 1, 2 og 6. Desse punkta skal fyllast ut uansett kva eigedom ein har overdradd/ kjøpt. Om du har registrert feil opplysningar kan behandlinga ta lenger tid, eventuelt kan kommunen komme til å be om nytt tilsendt skjema med utfylte opplysingar.

 

Du treng berre fylle ut punkt 3 i skjema om du er i slekt med selgar/overdragar.

 

Om du har kjøpt ein fritidsbustad med tomteareal under 100 dekar (100.000 m2), og under 25 dekar (25.000 m2) fulldyrka eller overflatedyrka jord, og du framleis skal nytte eigedomen til fritidsbustad, skal du krysse av på punkt 4. A2.

Om du har kjøpt ei ubebygd tomt som ikkje er regulert til bustadformål, skal du krysse av punkt 4. C2. Vidare må du fylle ut punkta som gjeld for di tomt under punkt 5.

 

Tilsending:

Du kan sende eigenerklæring om konsesjonsfridom via brev til Lesja kommune, postboks 53, 2671 Lesja.

Kontakt

Elin Stavheim
Byggesakshandsamar
Telefon 906 23 279
Mobil 906 23 279