Vinterles 2023/2024

Vinterles 2023/2024

Vinterles er avslutta for denne gong, og vi har trekt to vinnarar som begge får gratis inngang til forfattarmøtet i mai. Årets to vinnarar er:  Torunn Enstad og Hilde Anne Bakken. Vi gratulerer! 

Kom til avslutninga og møt Tore Renberg på Dovre bibliotek den 21. mai kl. 19. Inngang kr. 100,-  

Du kan kome på forfattarmøtet sjølv om du ikkje har vore med på Vinterles. Kjøp billett hjå oss på Lesja bibliotek (både Lesja og Lesjaskog) eller Dovre bibliotek.

Vinterles er ein årleg leselystkampanje arrangert av biblioteka i Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja.  Er støtta av Sparebank 1 Lom og Skjåk.

Møte med forfattar Tore Renberg på Dovre bibliotek 21. mai kl. 19, inngang kr. 100. Billettar kan kjøpast på Lesja bibliotek og Dovre bibliotek - Klikk for stort bildeTore Renberg på Dovre bibliotek Petter Sandell