Digitale tenester

Biblioteket tilbyr no fleire digitale tenester. Du kan lese bøker og lytte på lydbøker i Bookbites eller du kan nytte strøymetenestene Filmoteket eller Filmbib for å sjå film. Ynskjer du å lese aviser og magasin, kan vi tilby både Flipp og Pressreader (Pressreader kun for 2023).

  • BOOKBITES: Last ned appen og les e-bøker og lytt på lydbøker på nettbrett eller smarttelefon. Du må vere registrert med Bibliotekkortet (tidlegare nasjonalt lånekort) ved eit av biblioteka i Innlandet for å kunne låne bøker i appen. Opprette brukar i Bookbites

  • FILMOTEKET:  Gjer det enkelt for deg å låne og sjå film digitalt. Det einaste du treng er Bibliotekkortet. Du kan sjå filmen du har lånt så mange gongar du vil i løpet av 48 timar. Biblioteket ditt avgjer kor mange filmar du kan låne per månad. Filmane her kan kun nyttast til privat bruk. Skulane kan nytte seg av Filmrommet. Filmoteket Filmrommet

  • FILMBIB: Let deg sjå norsk kort- og dokumentarfilm. Du må berre ha eit lånekort som er knytt opp mot eit norsk bibliotek. Filmbib

  • FLIPP: Kom til biblioteket og få tilgang til over 90 av dei beste magasina frå Noreg, Sverige og Danmark. Last ned appen til både smarttelefon og nettbrett, eller les i vanleg nettlesar på datamaskin. Last ned så mange blad du vil, og les dei òg når du ikkje har nettilgang. Du har tilgang i 7 dagar før du igjen må oppsøkje biblioteket for å få fornya tilgangen din. Flipp

  • PRESSREADER: I 2023 kan vi tilby Pressreader - eit unikt tilbod der du som brukar får tilgang til fleire tusen aviser og magasin frå heile verda. Du kan laste ned app eller lese i vanleg nettlesar på datamaskin. Du kan laste ned heile utgåver som du kan lese når du er ute og reiser. Tilgang får du ved å oppsøkje biblioteket. Pressreader

  • NAXOS: Innlandet fylkesbibliotek og biblioteka i fylket tilbyr gratis musikk via strøymetenesta Naxos Music Library (NML). Logg inn med nasjonalt lånenummer. Naxos

  • ORD OM FJELL: Ei digital fjellvandring. Fjelldiktbloggen - ei samling dikt relatert til Nasjonalparkriket og fjell generelt. Bli med på ei vandring i tekst, bilete og lyd

  • NETTBIBLIOTEKET: Søk i Nasjonalbiblioteket si samling på bl.a. aviser, bøker og foto. Nettbiblioteket 
  • VERDENSBIBLIOTEKET: Finn bøker på ditt eige språk. Her kan du lese og lytte når du vil og så mykje du vil. Verdensbiblioteket 
  • NLB (Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek): NLB er biblioteket for barn, ungdom, vaksne og studentar som strevar med å lese. Alle som har vanskar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av nedsett funksjonsevne eller sjukdom, kan melde seg inn her. NLB