Flyktningtenesta bistår flyktningar som skal busettast i kommunen etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og flyktningar som har budd i kommunen kortare enn 5 år.
Kva hjelp kan du få:
Bistand i samband med flytting frå asylmottak for dei som har fått tildelt Lesja som bustadskommune
|
Oppfølging og rettleiing etter busetting. Dette kan til dømes vere utfylling av søknadar og andre skjema, ulik praktisk oppfølging, informasjon med meir
|
Bistand i høve til introduksjonsprogram
|
Andre kvalifiseringstiltak
|
Lesja kommune har i fellesskap med andre kommuner utarbeidd ein interkommunal flyktningeplan som er rettleiande for flyktningarbeidet i kommunen.
Flyktningtenesta i Lesja kommune høyrer inn under kommunedirektøren.
Publisert 21.04.2017 15.39