Vi har mange tenester der du kan finne fram sjøl. Ettersom kommunane i Nord-Gudbrandsdal no har vedteke ein regional digitaliseringsstrategi, reknar vi med at det vil komme til mange fleire digitale tenester i tida framover.
Dersom det er tenester du kunne tenke deg, kan du melde inn dine ønsker via "Fann du det du leitte etter" nedanfor.
-
BookBites: Les e-bøker og lytt på lydbøker på nettbrett eller smarttelefon
Du må vere registrert med nasjonalt lånekort ved eit av biblioteka i Oppland for å kunne låne bøker i denne applikasjonen. Har du eit nettbrett eller ein smarttelefon (Android/Apple), kan du enkelt laste ned appen BookBites gratis.
-
FILMBIB - sjå film heilt gratis
Filmbib er ei heilt ny norsk strømmeteneste som let deg sjå norsk kort- og dokumentarfilm heilt gratis. Du må berre ha eit lånekort som er knytt opp mot eit norsk bibliotek.
- NAXOS - gratis musikk til innbyggjarane i Oppland
Oppland fylkesbibliotek og biblioteka i Oppland tilbyr gratis musikk til innbyggjarane i Oppland via strømmetenesta Naxos Music Library (NML).
- ORD OM FJELL - ei digital fjellvandring. Fjelldiktbloggen - ei samling dikt relatert til Nasjonalparkriket og fjell generelt. Bli med på ei vandring i tekst, bilete og lyd.
Publisert 24.03.2017 12.27