Inkluderande læringsmiljø

Barnehage og skule i Lesja  er med i ei statleg satsing som heiter «Inkluderande læringsmiljø». Dette er eit arbeid mot mobbing som sett fokus på oss vaksne sitt ansvar for at alle barn skal bli sett, tatt på alvor, og kjenne seg inkludert.  Det fyrste vi vil konsentrere oss om er den skjerpa aktivitetsplikta alle tilsette i skulen har gjennom ny paragraf 9A om skulemiljø  i Opplæringslova. Gjennom å vere med i denne satsinga får vi moglegheita til å fortsette det mangeårige samarbeidet i nettverk på tvers av barnehage og skule.