Retningsliner for tildeling av kommunalt tilskott til bustadbygging

Lesja kommune har tilskottsordning for bustadbygging og for restaurering av ikkje bebudde, innkjøpte hus.

Ordning for kommunalt tilskott til bustadbygging vart forlenga til 2027 jf. vedtak i kommunestyret den 29.09.2022.

Retningslinene, slik dei vart vedteke i kommunestyret den 2.11.2017: 

«Retningsliner for tildeling av kommunalt tilskott til bustadbygging i Lesja

  1. Kven er omfatta av ordninga.
    1. Private personar som vil byggje eigen bustad, inkludert våningshus og kårbustad på landbrukseigedom i Lesja kommune.
    2. Ordninga skal ikkje gjelde bygging av fleirmannsbustader for utleige eller sal.
    3. Dei som allereie er tildelt gratis tomt i kommunale bustadfelt er ikkje omfatta av ordninga.
    4. Ordninga skal gjelde nybygg. Den gjelder også restaurering av innkjøpt ubebodd hus der restaureringskostnadene overstiger kr. 1 mill. ihht. fremlagt budsjett og med utbetaling etter ferdigstillelse og fremlagt regnskap. Tilbygg, anneks og oppattbygging etter brann, naturskade o.l. er ikkje omfatta av ordninga.
    5. Ordninga gjeld ikkje bygging av fritidsbustader.
  2. Beløp
    1. Kr. 150.000,-.
  3. Krav til søknad.
    1. Kommunen kan behandle søknader om tilskott etter at det er gjeve byggjeløyve.
    2. Det kan søkjast om tilskott til bustader som har fått byggjeløyve frå 14.9.2017 og ut 2022.
  4. Vilkår for utbetaling.
    1. Tilskottet blir fyrst utbetalt etter at kommunen har utstedt ferdigattest, eller mellombels bruksløyve for bustaden, jf. reglane i plan- og bygningslova.
    2. Tilskottet kan berre utbetalast til søkjar som har folkeregistrert adresse på den aktuelle bustaden.
  5. Anna
    1. Viss søkjar har gjeve uriktige opplysingar i søknaden om tilskott, kan kommunen krevje tilskottet attendebetalt.»