Samanslåing

Fleire eigedommar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan krevjast samanslått til ein eigedom, jf. matrikkellovens § 18. Som hovedregel krevst det at eigedommane grensar til kvarandre. Kommunen kan nekte samanslåing av eigedommar med forskjellig gardsnummer, jf. Matrikkelforskften § 43 tredje ledd.

Eigedom tek etter samanslåing over gards- og bruksnummer frå den eine av dei involverte matrikkeleiningane. Typisk veljast det lavaste bruksnummeret. Det/dei øvrige gards- og bruksnummer(a) går ut og kan ikkje brukast på nytt.

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom den vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Ved samanslåing blir panterett utvida til å gjelde heile den samanslåtte eigedommen eller festeretten.

Dersom nokon av matrikkeleiningane har hefte, må det ordnast opp i desse før samanslåing kan skje, jf. matrikkelforskriften § 43, åttende ledd. Opplysningar om hefte m.v. finnast i grunnboka. Hjelp kan ein få ved å ta kontakt med  tinglysinga/kartverket

Gebyr: Det er ikkje gebyr på denne tenesta.

Opningstider

Alle kvardagar frå 09:00 til 14:00